newsOrdbanken - News: Versjon 2013-02-17 av ordbanken klar

 
 
Latest News
Versjon 2022-04-02 av Ordbanken klar posted by huftis, Tue 05 Apr 2022 07:26:01 PM UTC
Versjon 2020-09-11 av ordbanken klar posted by huftis, Fri 11 Sep 2020 03:34:59 PM UTC
Versjon 2019-04-06 av ordbanken klar posted by huftis, Sat 06 Apr 2019 09:01:53 AM UTC
Versjon 2018-07-05 av ordbanken klar posted by huftis, Thu 05 Jul 2018 06:31:50 PM UTC
Versjon 2018-05-26 av ordbanken klar posted by huftis, Sat 26 May 2018 11:37:15 AM UTC

Versjon 2013-02-17 av ordbanken klar

Item posted by Karl Ove Hufthammer <huftis> on Sun 17 Feb 2013 03:53:04 PM UTC.

Eg har no lagt ut versjon 2013-02-17 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt å slå opp i fullformsordlistene til Norsk ordbank. Her er det viktigaste nye i denne versjonen:

– Oppdatert fullformsordlistene til 2013-02-04-utgåva frå Norsk ordbank.

– Gjort det mogleg å gruppera oppslaga etter ord og bøyingsparadigme. Gruppering etter ord er nyttig når ein slår opp på mange ord samtidig, med regulære uttrykk, eller når ein slår opp på homograf. For eksempel er oppslagsordet «fly» seks forskjellige ord – to substantiv, eitt adjektiv, to verb (med avleidde adjektiv) og eitt adverb. Før vart resulata for alle desse blanda. Gruppering etter bøyingsparadigme er nyttig for ord som kan bøyast på ulike måtar, men der ein ikkje kan blanda bøyingane. Eitt eksempel er verbet «å strida», som kan bøyast på fem forskjellige måtar. Merk for øvrig at med 2012-rettskrivinga er det no lovleg å bruka såkalla blanda bøying for a- og e-verb, slik at ein for eksempel kan skriva «brukar» men «brukte». Dette gjeld berre slike verb; noko tilsvarande gjeld ikkje for eksempel «stride». Merk òg at ei slik blanding ikkje framgår av søkjeresultata når ein slår opp ord som «bruke»/«bruka». Som standard vert oppslaga grupperte både på ord og bøyingsparadigme, men ein kan velja å slå av éin eller begge grupperingane.

– Retta korleis oppslag på a-infinitiv vert gjorde, slik at for eksempel oppslag på «ta» ikkje vil finna verbet «te». No må eit e-verb ha a-varianten som mogleg infintivsbøying for å bli med i oppslagsresultata.

– Lagt til enklare installering av KDE-skjermelementet, samt installering av eit frittståande KDE-basert grafisk brukargrensesnittet (som internt brukar skjermelementet). Det siste skal vera tilgjengeleg frå den vanlege programmenyen. Sjå fila «LESMEG» for installasjonsinstruksar.

– Ved eksport til HTML vert oppslagsorda lenkja til Nynorskordboka og Bokmålsordboka på nett, slik at ein kjapt og enkelt kan slå oppp i definisjonane til orda. Dette gjeld òg det grafiske brukargrensesnittet (som brukar HTML-eksporten).

Programmet har to nettsider, heimesida http://huftis.org/artiklar/ordbanken/ og prosjektsida https://savannah.nongnu.org/projects/ordbanken/

De kan lasta det ned frå http://download.savannah.gnu.org/releases/ordbanken/ eller som ein openSUSE-pakke frå http://software.opensuse.org/package/ordbanken

Som vanleg er kommentarar, tips og forbetringar hjarteleg velkomne.

 

Back to the top

Powered by Savane 3.13-4448.
Corresponding source code