Thu 06 Sep 2012 05:40:08 PM UTC, original submission:
På grunn av homografar av grunnord, eks. verbet/substantivet «hoppe», bør ulike ord, som definert av numerisk ID, skiljast i visinga, for eksempel med strekar mellom kvar gruppe.
I tillegg bør ulike paradigme av same ord også skiljast. Dette for å få fram bøyingsmønster som:
dra el. draga, dreg, drog, drege
el.
dra, drar, drog, dradd/dratt
Ein kan altså skriva perfektumforma «drege» anten ein brukar infinitivsforma «dra» eller «draga», men brukar ein «dratt» eller «dradd», må ein skriva «dra» i infinitiv.
For eit meir omfattande eksempel, sjå ordet «stride» i nynorskordboka: http://www.nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi?OPP=stride&nynorsk=+&ordbok=nynorsk
Begge grupperingane må vera valfrie (men på som standard).
Viktige ting for implementeringa:
– Må også fungera med HTML.
– Utsorteringa av duplikat må skje berre innanfor kvart paradigme.
– Må legga til støtte for dei nye grupperingsvala i bash-completion-skriptet.
Merk at alt dette fører til at nye kolonnar må leggast til i ordlistefilene, noko som gjer ein del større.
|