newsOrdbanken - News: Versjon 2012-09-01 av ordbanken klar

 
 
Latest News
Versjon 2022-04-02 av Ordbanken klar posted by huftis, Tue 05 Apr 2022 07:26:01 PM UTC
Versjon 2020-09-11 av ordbanken klar posted by huftis, Fri 11 Sep 2020 03:34:59 PM UTC
Versjon 2019-04-06 av ordbanken klar posted by huftis, Sat 06 Apr 2019 09:01:53 AM UTC
Versjon 2018-07-05 av ordbanken klar posted by huftis, Thu 05 Jul 2018 06:31:50 PM UTC
Versjon 2018-05-26 av ordbanken klar posted by huftis, Sat 26 May 2018 11:37:15 AM UTC

Versjon 2012-09-01 av ordbanken klar

Item posted by Karl Ove Hufthammer <huftis> on Sat 01 Sep 2012 06:02:28 PM UTC.

Eg har no lagt ut versjon 2012-09-01 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt å slå opp i fullformsordlistene til Norsk ordbank. Det er ein del viktige endringar som gjorde det nødvendig med ein ny versjon. Her er det viktigaste nye i denne versjonen:

– Fullformsordlistene er oppdaterte til 2012-08-23-utgåva frå Norsk ordbank. Denne inneheld blant anna endringane i den nye nynorskrettskrivinga som gjeld frå 1. august 2012. Viss du heller vil bruka dei siste ordlistefilene frå før rettskrivingsreforma, hent ned revisjon 103 av ordlistefilene og programmet:

    svn co -r103 svn://svn.savannah.nongnu.org/ordbanken/
   
– Støtte for oppslag og spesialvising av klammeformer er fjerna, sidan det ikkje lenger finst noko skilje mellom hovud- og klammeformer på nynorsk eller bokmål.

– Det er no støtte for a-infinitiv ved oppslag. Oppslaga gjev informasjon om verbet og tilhøyrande adjektiv laga av partisippet. For eksempel vil oppslag på «møta» finna verbbøyingane av «å møta» og adjektivformene «møtande», «møtte» («dei vart møtte») og «møtt», men ikkje substantivet «møte». Tilsvarande vil eit oppslag på «undra» finna det avleidde adjektivet «undrande» men ikkje adjektivet «undst» (som er avleidd av adjektivet «undre», ikkje av verbet «undre»/«undra»).

– Layout for det grafiske brukargrensesnittet er forbetra, spesielt ved endring av storleik på vindauget.

Programmet har to nettsider, heimesida http://huftis.org/artiklar/ordbanken/ og prosjektsida https://savannah.nongnu.org/projects/ordbanken/

De kan lasta det ned frå http://download.savannah.gnu.org/releases/ordbanken/ eller som ein openSUSE-pakke frå http://software.opensuse.org/package/ordbanken

Som vanleg er kommentarar, tips og forbetringar hjarteleg velkomne.

 

Back to the top

Powered by Savane 3.13-f8d8.
Corresponding source code