newsOrdbanken - News: Versjon 2019-04-06 av ordbanken klar

 
 
Latest News
Versjon 2020-09-11 av ordbanken klar posted by huftis, Fri 11 Sep 2020 03:34:59 PM UTC - 0 replies
Versjon 2019-04-06 av ordbanken klar posted by huftis, Sat 06 Apr 2019 09:01:53 AM UTC - 0 replies
Versjon 2018-07-05 av ordbanken klar posted by huftis, Thu 05 Jul 2018 06:31:50 PM UTC - 0 replies
Versjon 2018-05-26 av ordbanken klar posted by huftis, Sat 26 May 2018 11:37:15 AM UTC - 0 replies
Versjon 2013-02-17 av ordbanken klar posted by huftis, Sun 17 Feb 2013 03:53:04 PM UTC - 0 replies
[Submit News]
[10 news in archive]

Versjon 2019-04-06 av ordbanken klar

Item posted by Karl Ove Hufthammer <huftis> on Sat 06 Apr 2019 09:01:53 AM UTC.

Eg har no lagt ut versjon 2019-04-06 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt å slå opp i fullformsordlistene til Norsk ordbank.

Her er ei oversikt over det viktigaste nye i denne versjonen:

  • Oppdatert til ny versjon av Norsk ordbank (som anten er frå 2019-02-20 eller 2019-01-23, avhengig om du stolar på nettsida eller på filnamna). Det var ein del tekniske endringar der, blant anna med teiknkoding og sortering. Den viktigaste endringa for .txt-filene slik dei er lagra her i «ordbanken» er at førstekolonnen (som berre inneheldt linjenummer) er fjerna, og at filene er ferdigsorterte. Dette gjev forhåpentlegvis mindre og lesbare diff-ar i framtida. På grunn av endringane er programmet ikkje lenger kompatibelt med «kjeldefiler» frå eldre versjonar av Norsk ordbank. Men gamle versjonar av dei «kompilerte» ordlistefilene (.dat-filene) skal fungera fint.
  • Autofullføring på meir enn eitt kriterium gjev ikkje lenger feilmelding (men gjev heller ingen fleire forslag) (#54583).
  • Autofullføring av filtreringskriterium (ordklassar) foreslår no berre kriterium der dei første bokstavane er like allereie inntasta kriterium (#54583). For eksempel vil «ordbanken teste pre[tab]» berre foreslå «pres», «pret» og «pres-part», ikkje «verb», «imp» og «perf-part».
  • Autofullføring for bokmål fungerer no igjen. Feilen oppstod i versjon 2018-07-05, der språkkoden i filnamna for bokmålsordlistene vart endra (#54583).
  • Retta feil som gjorde at delar av argumentforklaringa hamna i feil kolonne i hjelpeteksten («ordbanken --hjelp»).
 
  • Oppslag på ordet «la» og nokre andre problemord fungerer no igjen. (Problemet kom av feil sortering av ord med apostrof i, noko som gjorde at ord som stod rett etter apostroforda i ordlistefila ikkje fungerte.)
 
  • Vidarefiltrering av ord tek no berre omsyn til sjølve ordkodane (ordklassane), ikkje òg grunnordet. Eit søk på «flisleggje fl» vil no berre finna fleirtalsforma av ordet «flisleggje», mens det før fann alle formene (sidan sjølve oppslagsordet òg startar med filtreringskriteriet, «fl»).
 
  • Fleire testar («make test»), for å hindra at det uforvarande dukkar opp nye feil i programmet.
 
  • Mindre forbetringar av AppData-fila.

Programmet har to nettsider, heimesida http://huftis.org/artiklar/ordbanken/ og prosjektsida https://savannah.nongnu.org/projects/ordbanken/. Du kan òg melda deg på ei e-postliste for programmet (https://savannah.nongnu.org/mail/?group=ordbanken) dersom du vil diskutera programmet og/eller halda deg oppdatert på utviklinga.

Du kan lasta programmet ned frå https://download.savannah.gnu.org/releases/ordbanken/ eller som ein openSUSE-pakke frå https://software.opensuse.org/package/ordbanken. (Det finst òg ein Gentoo-pakke på https://github.com/hansfn/gentoo-overlay, men denne p.t. ikkje oppdatert til den nyaste versjonen.)

Som vanleg er kommentarar, tips og forbetringar hjarteleg velkomne, på e-post til karl@huftis.org eller til e-postlista nemnd ovanfor.

No messages in Versjon 2019-04-06 av ordbanken klar

 

Back to the top


Powered by Savane 3.7