newsOrdbanken - News: Versjon 2022-04-02 av Ordbanken klar

 
 
Latest News
Versjon 2022-04-02 av Ordbanken klar posted by huftis, Tue 05 Apr 2022 07:26:01 PM UTC
Versjon 2020-09-11 av ordbanken klar posted by huftis, Fri 11 Sep 2020 03:34:59 PM UTC
Versjon 2019-04-06 av ordbanken klar posted by huftis, Sat 06 Apr 2019 09:01:53 AM UTC
Versjon 2018-07-05 av ordbanken klar posted by huftis, Thu 05 Jul 2018 06:31:50 PM UTC
Versjon 2018-05-26 av ordbanken klar posted by huftis, Sat 26 May 2018 11:37:15 AM UTC

Versjon 2022-04-02 av Ordbanken klar

Item posted by Karl Ove Hufthammer <huftis> on Tue 05 Apr 2022 07:26:01 PM UTC.

Eg har lagt ut versjon 2022-04-02 av Ordbanken, eit brukarvenleg kommandolinjeprogram for å kjapt slå opp bøyingar av ord på nynorsk og bokmål.

Her er ei oversikt over det viktigaste nye i denne versjonen:

  • Oppdatert til ny versjon av Norsk ordbank (versjon 2022-02-01). Denne førre versjonen var frå 2019, så det er mange nye ord og rettingar.
  • Støtte for direkteoppslag på bøyingar, ikkje berre grunnord. Eksempel: ordbanken --bøying spurt. Dette vil finna alle tilfelle der eit ord har bøyinga «spurt», dvs. substantivet «spurt», imperativforma av «å spurta» og perfektum partisipp av «å spørja».
  • Val av type oppslagsord er òg støtta i det grafiske brukargrensesnittet, som no har fått ei litt anna utforming.
  • Retta feil med loddrett justering av tekst til avkryssingsboksar i det grafiske brukargrensesnittet.
  • Oppdaterte lenkjene i HTML-resultatvisinga til å visa til dei nye nettordbøkene.
  • Bytte versjonskontrollsystem frå Subversion til Git. Sjå https://savannah.nongnu.org/git/?group=ordbanken for meir informasjon.
  • Forbetra dokumentasjon og metadata.
  • Ymse små, tekniske forbetringar.


Programmet har to nettsider, heimesida https://huftis.org/artiklar/ordbanken/ og prosjektsida https://savannah.nongnu.org/projects/ordbanken/. Du kan òg melda deg på ei e-postliste for programmet (https://savannah.nongnu.org/mail/?group=ordbanken) dersom du vil diskutera programmet og/eller halda deg oppdatert på utviklinga.

Du kan lasta programmet ned frå https://download.savannah.gnu.org/releases/ordbanken/, som ein openSUSE-pakke frå https://software.opensuse.org/package/ordbanken eller som ein Gentoo-pakke på https://github.com/hansfn/gentoo-overlay. Takk til Hans Fredrik Nordhaug som har laga Gentoo-pakken.

Som vanleg er kommentarar, tips og forbetringar hjarteleg velkomne, på e-post til karl@huftis.org eller til e-postlista nemnd ovanfor.

 

Back to the top

Powered by Savane 3.13-d3ae.
Corresponding source code