newsOrdbanken - News: Versjon 2018-07-05 av ordbanken klar

 
 
Latest News
Versjon 2022-04-02 av Ordbanken klar posted by huftis, Tue 05 Apr 2022 07:26:01 PM UTC
Versjon 2020-09-11 av ordbanken klar posted by huftis, Fri 11 Sep 2020 03:34:59 PM UTC
Versjon 2019-04-06 av ordbanken klar posted by huftis, Sat 06 Apr 2019 09:01:53 AM UTC
Versjon 2018-07-05 av ordbanken klar posted by huftis, Thu 05 Jul 2018 06:31:50 PM UTC
Versjon 2018-05-26 av ordbanken klar posted by huftis, Sat 26 May 2018 11:37:15 AM UTC

Versjon 2018-07-05 av ordbanken klar

Item posted by Karl Ove Hufthammer <huftis> on Thu 05 Jul 2018 06:31:50 PM UTC.

Eg har no lagt ut versjon 2018-07-05 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt å slå opp i fullformsordlistene til Norsk ordbank.

Den største nyheita er ein ny versjon av sjølve fullformsordlistene. Det er over to år sidan førre versjon av ordlistene vart utgjeven, og det er mange endringar i denne nye versjonen, både nye ord, fjerna ord og rettingar av stavefeil og feilbøyingar.

I tillegg er det mange små forbetringar og rettingar i sjølve programmet. Blant anna fungerer det no betre på *buntu-baserte distroar. Takk til Øystein Steffensen-Alværvik for mykje testing, som avdekte fleire feil og inkompatibilitetar.

Her er ei oversikt over det viktigaste nye i denne versjonen:

  • Oppdatert til ny versjon av Norsk ordbank (versjon 2018-06-28), som no kjem frå Nasjonalbiblioteket. Dataformatet til ordlistefilene er endra og lisensen for ordlistene er endra til CC-BY 4.0. (Lisensen til sjølve programmet er den same som før, GNU GPL 3.)


  • Det nye dataformatet kravde mange endringar i programmet, så programmet er ikkje lenger kompatibelt med filer frå eldre versjonar av Norsk ordbank.


  • Programmet krev no «gawk», ikkje lenger eit vilkårleg «awk»-program. Grunnen er at andre «awk»-program (som «mawk», som er standard «awk»-program i Ubuntu) ikkje støttar særnorske bokstavar skikkeleg. (Kravet om «gawk» kan verta endra tilbake i framtida, dersom dei andre «awk»-programma faktisk vert POSIX-kompatible.)


  • Det grafiske brukargrensesnittet støttar no meir enn éi vidarefiltrering. For eksempel vil «fiksa v pr» først filtrera på verb («v») og så på presens/preteritum («pr»).


  • I det grafiske brukargrensesnittet får skrivefeltet fokus ved start, slik at ein kan starta å skriva søkjeord direkte.


  • Rulling (og vising av rullefeltet) fungerer igjen i det grafiske brukargrensesnittet.


  • Brukar no den nye nettadressa til Nynorskordboka og Bokmålsordboka ved generering av HTML-versjon av søkjeresultat (nettordbøkene er no hos UiB, ikkje lenger hos UiO).


  • Lagt til einingstestar for å automatisk finna feil/regresjonar i programmet eller ordlistene. Køyr «make test» (etter at programmet er installert) for å køyra testane.


  • Oppdatert Appdata-info til å bruka ny program-ID og mappe (basert på nyaste AppStream-standard).


  • Ymse mindre feil- og kompatibilitetsrettingar. Viss noko ikkje fungerte skikkeleg før, prøv igjen no! No vil det truleg fungera.


Programmet har to nettsider, heimesida http://huftis.org/artiklar/ordbanken/ og prosjektsida https://savannah.nongnu.org/projects/ordbanken/. Du kan òg melda deg på ei e-postliste for programmet (https://savannah.nongnu.org/mail/?group=ordbanken) dersom du vil diskutera programmet og/eller halda deg oppdatert på utviklinga.

Du kan lasta programmet ned frå https://download.savannah.gnu.org/releases/ordbanken/ eller som ein openSUSE-pakke frå https://software.opensuse.org/package/ordbanken.

Som vanleg er kommentarar, tips og forbetringar hjarteleg velkomne.

 

Back to the top

Powered by Savane 3.13-f8d8.
Corresponding source code