newsOrdbanken - News: Versjon 2020-09-11 av ordbanken klar

 
 
Latest News
Versjon 2022-04-02 av Ordbanken klar posted by huftis, Tue 05 Apr 2022 07:26:01 PM UTC
Versjon 2020-09-11 av ordbanken klar posted by huftis, Fri 11 Sep 2020 03:34:59 PM UTC
Versjon 2019-04-06 av ordbanken klar posted by huftis, Sat 06 Apr 2019 09:01:53 AM UTC
Versjon 2018-07-05 av ordbanken klar posted by huftis, Thu 05 Jul 2018 06:31:50 PM UTC
Versjon 2018-05-26 av ordbanken klar posted by huftis, Sat 26 May 2018 11:37:15 AM UTC

Versjon 2020-09-11 av ordbanken klar

Item posted by Karl Ove Hufthammer <huftis> on Fri 11 Sep 2020 03:34:59 PM UTC.

Eg har no lagt ut versjon 2020-09-10 av ordbanken, eit program for kjapt og enkelt å slå opp i fullformsordlistene til Norsk ordbank.

Her er ei oversikt over det viktigaste nye i denne versjonen:

  • Oppdatert til ny versjon av Norsk ordbank (versjon 2019-10-10). Sjølv om ordbankfilene er frå 10. oktober 2019, ser det ut til at dei først vart offentleggjorde 17. april 2020. Det var som vanlege nokre tekniske endringar i ordbankfilene, noko som medførte mindre justeringar i skriptet som pakkar dei ut. Dette gjer at det ikkje er kompatibelt med tidlegare versjonar.


  • Retta feil som gjorde at nokre moglege programargument som starta med «-» eller «--» (eks. «-F» og «--regulært-uttrykk»), ikkje vart føreslegne av autofullføringa.


  • Gjort ulike skript som programmet brukar, meir robuste. Har gått gjennom alle shell- og bash-skripta med verktøyet ShellCheck og gjort endringar slik at dette ikkje lenger gjev åtvaringar. (Det var òg slik feilen ovanfor vart oppdaga.)


  • Oppdatert adressene til Norsk ordbank. Dei gamle adressene verka ikkje lenger.


  • Forbetra og meir kompakt layout i det grafiske skjermelementet.


Programmet har to nettsider, heimesida http://huftis.org/artiklar/ordbanken/ og prosjektsida https://savannah.nongnu.org/projects/ordbanken/. Du kan òg melda deg på ei e-postliste for programmet (https://savannah.nongnu.org/mail/?group=ordbanken) dersom du vil diskutera programmet og/eller halda deg oppdatert på utviklinga.

Du kan lasta programmet ned frå https://download.savannah.gnu.org/releases/ordbanken/, som ein openSUSE-pakke frå https://software.opensuse.org/package/ordbanken eller som ein Gentoo-pakke på https://github.com/hansfn/gentoo-overlay.

Som vanleg er kommentarar, tips og forbetringar hjarteleg velkomne, på e-post til karl@huftis.org eller til e-postlista nemnd ovanfor.

 

Back to the top

Powered by Savane 3.13-758e.
Corresponding source code