newsOrdbanken - News: Versjon 2009-07-05 av ordbanken klar

 
 
Latest News
Versjon 2022-04-02 av Ordbanken klar posted by huftis, Tue 05 Apr 2022 07:26:01 PM UTC
Versjon 2020-09-11 av ordbanken klar posted by huftis, Fri 11 Sep 2020 03:34:59 PM UTC
Versjon 2019-04-06 av ordbanken klar posted by huftis, Sat 06 Apr 2019 09:01:53 AM UTC
Versjon 2018-07-05 av ordbanken klar posted by huftis, Thu 05 Jul 2018 06:31:50 PM UTC
Versjon 2018-05-26 av ordbanken klar posted by huftis, Sat 26 May 2018 11:37:15 AM UTC

Versjon 2009-07-05 av ordbanken klar

Item posted by Karl Ove Hufthammer <huftis> on Mon 06 Jul 2009 05:00:50 PM UTC.

Eg har no lagt ut versjon 2009-07-05 av ordbanken. Denne gongen er det mykje nytt:

– Lagt til støtte for regulære uttrykk. Her er nokre eksempel:

  Dei tre orda «hei», «heim» og «heit»:
    ordbanken --regulært-uttrykk "^hei[mt]?$"

  Ord som startar på «dr» og sluttar på «ev»:
    ordbanken -r "^dr.*ev$"

  Ord som sluttar på «rama», men ikkje på «drama:
    ordbanken -r [^d]rama$

  Ord der første bokstav er «k», neste er «r» eller «u», tredje siste er «o» og siste er «d»:
    ordbanken -r ^k[ru]...o.d$

  Bokmålsord med (minst) 5 etterfølgjande vokalar:
    ordbanken -snb -r [aeiouyæøå]{5}

– Lagt til støtte for jokerteikna brukte i Nynorskordboka og Bokmålsordboka på nett («%» og «_») ved å automatisk gjera dei om til regulære uttrykk. Basert på kode frå Kristoffer Egil Bonarjee. Eksempel:

  Vis alle (grunn)orda som startar på «kr», etterfølgd av éin vilkårleg bokstav, så bokstavane «ss», så eventuelt nokre vilkårlege bokstavar, og til slutt ein «d»: ordbanken kr_ss%d

– Ikkje fargelegg kodane viss utdata vert send i eit røyr (for eksempel til programmet «less»), med mindre fargelegging er eksplisitt slått på. Basert på kode frå  Kristoffer Egil Bonarjee <kristoffer.egil@bonarjee.in>.

– Klammeformoppføringar vart ikkje plasserte på toppen viss   vising av klammeteikna «[» og «]» var slått av (valet «-P» eller «--ikkje-parentes»). Dette er fiksa, og koden for klammeformplasseringa er sameina, i staden for å ha éin for tekstvisinga og ein tilsvarande for XHTML-visinga.

– Endra måten klammeformene vert plasserte på toppen, slik at dei vert lagde på toppen innanfor kvart oppslagsord. Sidan programmet før berre kunne slå opp enkeltord, hadde dette i utgangspunktet berre ein effekt på uttrykk sette saman av fleire ord, som «i glømme». Ved oppslag på «i», kjem «i glømme» no mellom «i gjære» og «i gløyma», i staden for på toppen av lista, som det gjorde før.

– Legg til namneromdeklarasjon ved XHTML-generering, for å få eit gyldig XHTML-dokument. Takk til Kristoffer Egil Bonarjee <kristoffer.egil@bonarjee.in> for tips.

– Oppdatert fullformsordlistene til 2009-07-05-utgåva frå Norsk ordbank.

Programmet har to nettsider, heimesida http://huftis.org/artiklar/ordbanken/ og prosjektsida https://savannah.nongnu.org/projects/ordbanken/

De kan lasta det ned frå https://savannah.nongnu.org/files/?group=ordbanken

Som vanlige er kommentarar, tips og programkode hjertelig velkomne.

 

Back to the top

Powered by Savane 3.13-4448.
Corresponding source code