newsOrdbanken - News: Versjon 2009-08-10 av ordbanken klar

 
 
Latest News
Versjon 2022-04-02 av Ordbanken klar posted by huftis, Tue 05 Apr 2022 07:26:01 PM UTC
Versjon 2020-09-11 av ordbanken klar posted by huftis, Fri 11 Sep 2020 03:34:59 PM UTC
Versjon 2019-04-06 av ordbanken klar posted by huftis, Sat 06 Apr 2019 09:01:53 AM UTC
Versjon 2018-07-05 av ordbanken klar posted by huftis, Thu 05 Jul 2018 06:31:50 PM UTC
Versjon 2018-05-26 av ordbanken klar posted by huftis, Sat 26 May 2018 11:37:15 AM UTC

Versjon 2009-08-10 av ordbanken klar

Item posted by Karl Ove Hufthammer <huftis> on Mon 10 Aug 2009 06:46:18 PM UTC.

Eg har no lagt ut versjon 2009-08-10 av ordbanken. Denne gongen er det ikkje so mykje nytt, men nokre rettingar, endringar og nye funksjonar er det då:

– Retta nokre kommandoar som ikkje var heilt POSIX-kompatible (dei brukte regulære uttrykk med «\?» og «\+» i staden for «\{0,1\}» og «\{1,\}»).

– Oppslag på «ord» som startar med bindestrek (som «-aktig») verkar no, sjølv om «look» vert brukt. Før gav det ein rar feilmelding med mindre «look» ikkje var installert, eller ein brukte regulære uttrykk. Merk at ein må bruka «--» for å skilja argument og operand (akkurat som med alle andre POSIX-verktøy). Eksempel: ordbanken -- -aktig

Autofullføring fungerer òg med slike «ord», både for autofullføring av orda og tilhøyrande ordklassar. (Det hørest enkelt ut, men det var langt frå trivielt å få til!)

– Oppslag på eit grunnord som inngår som førsteord i uttrykk med fleire ord (typisk idiom) vil ikkje lenger gje desse uttrykka som resultat. For eksempel vil «ordbanken i» berre gje bøyinga av ordet «i», og ikkje uttrykka «i huttaheiti» og «i så fall». Dette fører til fleire forbetringar. For det første går søket raskare, for det andre går det an å eksplisitt slå opp uttrykk med fleire ord, og for det tredje går det an å å få ut oversikt over alle slike ord. Eksempel:

  Oppslag på «i huttaheiti»: ordbanken "i huttaheiti"
  Oppslag på uttrykk som startar med «i»: ordbanken 'i %'
  Oppslag på alle uttrykk med fleire ord: ordbanken -r ' '

Autofullføring fungerer òg på slike uttrykk, anten ved bruk av hermeteikna ", ' eller «verna» teikn. Eksempel som finn uttrykket «rock and roll»:

  ordbanken "rock a[tab]
  ordbanken 'rock a[tab]
  ordbanken rock\ a[tab]

Programmet har to nettsider, heimesida http://huftis.org/artiklar/ordbanken/ og prosjektsida https://savannah.nongnu.org/projects/ordbanken/

De kan lasta det ned frå https://savannah.nongnu.org/files/?group=ordbanken

Som vanlige er kommentarar, tips og programkode hjertelig velkomne.

 

Back to the top

Powered by Savane 3.13-f8d8.
Corresponding source code