newsOrdbanken - News: Versjon 2010-05-11 av ordbanken klar

 
 
Latest News
Versjon 2013-02-17 av ordbanken klar posted by huftis, Sun 17 Feb 2013 03:53:04 PM UTC - 0 replies
Versjon 2012-09-01 av ordbanken klar posted by huftis, Sat 01 Sep 2012 06:02:28 PM UTC - 0 replies
Versjon 2010-05-11 av ordbanken klar posted by huftis, Tue 11 May 2010 06:34:50 PM UTC - 0 replies
Versjon 2009-08-10 av ordbanken klar posted by huftis, Mon 10 Aug 2009 06:46:18 PM UTC - 0 replies
Versjon 2009-07-05 av ordbanken klar posted by huftis, Mon 06 Jul 2009 05:00:50 PM UTC - 0 replies
[Submit News]
[6 news in archive]

Versjon 2010-05-11 av ordbanken klar

Item posted by Karl Ove Hufthammer <huftis> on Tue 11 May 2010 06:34:50 PM UTC.

Eg har no lagt ut versjon 2010-05-11 av ordbanken. Det er ikkje so mange endringar i sjølve programmet, men fleire i fullformsordlistene, og det var på tide å få ut ein ny versjon. Her er det nye:

– Det er no mulig å endra namnet på programfila, eller laga eit alias til ho, utan at autofullføringa tolkar programnamnet som eit ord å gje forslag til. Det kan for eksempel vera greitt å leggja til

alias ord=ordbanken
complete -F _ordbanken ord

i oppstartsfila «~/.bashrc», slik at det vert mindre å skriva kvar gong ein vil slå opp eit ord.

– Autofullføring av «-»- og «--»-argument fungerer no skikkelig igjen.

– Oppdatert fullformsordlistene til 2010-05-11-utgåva frå Norsk ordbank. Merk at -as-verba no er fjerna som oppslagsord på nynorsk. For å finna for eksempel infinitivsformene «å andas» og «å vrengjas», må ein altso slå opp på orda «andast» og «vrengjast».

Programmet har to nettsider, heimesida http://huftis.org/artiklar/ordbanken/ og prosjektsida https://savannah.nongnu.org/projects/ordbanken/

De kan lasta det ned frå http://download.savannah.gnu.org/releases-noredirect/ordbanken/

Som vanlig er kommentarar, tips og forbetringar hjertelig velkomne.

Comments:

No messages in Versjon 2010-05-11 av ordbanken klar

 

Back to the top


Powered by Savane 3.1-cleanup