Tue 18 Sep 2012 06:29:27 PM UTC, original submission:
Det ser ut til å vera noko rart med ein del forkortingar med skråstrek i fullformsordlistene. Ifølgje ordbøkene på nett er det litt uklart om dette er lovleg å skriva:
http://www.nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi?OPP=A%2FS&begge=+&ordbok=begge
For bokmål det der «(A/S) *unormert», som tyder på at det ikkje er lovleg,
men for nynorsk står det som eit vanleg oppslagsord.
I fullformsordlistene er det endå pussigare. På bokmål er A/S normert. I tillegg er A/S oppført som ei unormert bøying av AS. På nynorsk er ikkje A/S eit eige oppslagsord, men finst som ei normert bøying av AS. Tilsvarande gjeld D/S, men denne har ei anna morfologisk skildring.
M/S er igjen annleis, og finst berre på bokmål, normert som «henv» («henvisning»?), men unormert som forkorting. Slår ein opp på M/S i Bokmålsordboka på nett, får ein for øvrig beskjed om at det er unormert, og at den normerte forma er MS eller ms, som tyder multippel sklerose. Eg trur aldri M/S har tydd multippel sklerose; det er vel heller motorskip. (Slår ein heller opp på MS, får ein motorskip som éin av fire ordboksartiklar, men det gjer ein altså ikkje når ein slår opp M/S.)
T/S er annleis enn dei andre igjen, og normert på bokmål (feil?) og unormert på nynorsk.
Godt muleg det finst andre «skråstrekord» med tilsvarande feil; eg har ikkje sjekka alle.
A/S:
fullform_bm.txt:386 A/S A/S henv normert 000 0
fullform_bm.txt:396 AS A/S fork subst nøyt appell ent fl ub be @<SUBST unormert 000 0
fullform_nn.txt:3095 AS A/S fork subst nøyt appell eint fl ub bu @<SUBST normert 000 0
D/S:
fullform_bm.txt:467 D/S D/S henv normert 000 0
fullform_bm.txt:472 DS D/S fork subst @TITTEL unormert 000 0
fullform_nn.txt:15573 D/S D/S fork subst nøyt appell eint fl ub bu normert 000 0
M/S:
fullform_bm.txt:585 M/S M/S henv normert 000 0
fullform_bm.txt:591 MS M/S fork subst @TITTEL unormert 000 0
T/S:
fullform_bm.txt:702 T/S T/S henv normert 000 0
fullform_bm.txt:707 TS T/S fork subst @TITTEL unormert 000 0
|